Høg straumpris gjev redusert bruk av kyrkjene i vinter


Høg straumpris fører til at vi må gjere tiltak for å redusere straumbruken i kyrkjene våre. Det blir difor redusert bruk av alle tre kyrkjene i februar og mars. 

 

I februar og mars blir gravferder og gudstenester med dåp gjennomført i kyrkjene. Alle andre gudstenester må gå føre seg andre stader og i meir energieffektive bygg, som Nes menighetshus og Bø bedehus. Gravferdene blir så langt råd konsentrert om ein vekedag. I Bø vil det vere fredag. Dermed er kyrkja oppvarma, slik at orgelklubben kan vere der på ettermiddagen. Dei kan ein jo ikkje henvise til andre bygg. Andre arrangement og øvingar må leggast andre stader. I Sauherad vil gravferdsdag i denne perioden vere onsdag og i Nes torsdag.

Det er sjølvsagt med tungt hjarte ein går til desse skritta. Men det mest dramatiske ein kunne gjort, var å ikkje gjere sparetiltak no, venta og sett og risikert at budsjettet var oppbruka i september. Då ville konsekvensane vore verkeleg dramatiske.  Vi vonar kyrkjelydane har forståing for at vi må ty til eit såpass uvanleg og sterkt tiltak.

Det vil framgå av annonser og gudstenestelister kvar det er gudsteneste. Det er gudsteneste med dåp i Sauherad 5. februar og i Bø 26.februar. Desse gudstenestene blir i kyrkjene som vanleg.

Det fullstendige vedtaket til fellesrådet lyder slik: 

1. Bø kyrkje, Sauherad kirke og Nes kyrkje får redusert bruk i februar og mars 2023 for å spare straumutgifter. Gudstenester med beramma dåp går som vanleg i kyrkjene. Andre gudstenester i februar og mars vert lagt til Bø bedehus eller Nes menighetshus. Gravferder vert konsentrerte om ein vekedag.
2. Andre arrangement/øvingar som var tenkt i kyrkjene må anten leggast til andre lokaler eller kan gjennomførast på ein dag kyrkja likevel er oppvarma.
3. Orgelklubben i Bø kan gå som vanleg på fredagar, og gravferdene i Bø vert så langt som råd lagt på fredagar av omsyn til å avgrense oppvarmingsbehovet.
4. Det framlagte budsjettforlaget vert vedteke. Budsjettet vert revidert av fellesrådet ved behov. Om rammebetingelsane endrar seg, kan fleire kutt reduserast eller utgå.
 

Tilbake