Utleigereglement for kyrkjene i Midt-Telemark


1.     Generelt 

All utleige/ utlån av kyrkjene er i tråd med «Regelverk for bruk av kyrkjer», vedtekne av Kyrkjemøtet i 1991 med heimel i kongeleg resolusjon av 25. oktober 1991.    
1.1.     Om utleige 
1.1.1     Utleige/ utlån av kyrkjene i Midt-Telemark til arrangement som ikkje er ein del av kyrkjelyden sitt arbeid, kan berre skje etter godkjenning av Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd på vegner av Bø sokneråd og Sauherad og Nes sokneråd. Søknad om leige må innehalde omtale av arrangementet, inkludert tekstar, og plan for oppsetting av teknisk utstyr. 
1.1.2.     Utleige/ utlån kan berre skje når kyrkjetenar eller den som er i staden for kyrkjetenar er til stades under arrangementet. 
1.1.3.     Når fellesrådet har godkjent at kyrkja kan leigast ut, syter kyrkjeverja eller den han gjev ansvaret til, for at kontrakt underteiknast, rekning vert send, etc. 
1.1.4     Eventuelle avslag på leige kan påklagast til biskopen. 
1.2.     Leigetakars plikter     
1.2.1.     Leigetakar må rette seg etter dei anvisingar som vert gjevne av fellesrådet når ein inngår kontrakt om utleige. Dette gjeld pynting, oppsett av teknisk utstyr og andre forhold som kan ha med bevaring av kyrkja sitt rom å gjere. Under arrangementet må ein rette seg etter dei anvisingar som kyrkjetenar eller den som er i staden for kyrkjetenar gjev.
1.2.2.     Leigetakar må rette seg etter gjeldande reglar for brannvern. 

2.     Utleige til vigslar: 
2.1.    Vigslar der ein eller begge bur i eller har vore busett (folkeregisterført) i kommunen og er medlem av Den norske kyrkja, er ein del av kyrkjelyden sitt arbeid og det vert ikkje kravd nokon form for avgift. Dette inkluderer tenester frå kyrkjetenar og organist tilsett i fellesrådet og prest tilsett i soknet. 
2.2.     Vigsler der ingen av brurefolka bur i kommunen eller har vore busett (folkeregisterført) i kommunen, eller der ingen av dei er medlem av Den norske kyrkja, medfører avgift etter fylgjande satsar:
Grunnleige - kr. 2.200,-
Inkluderer oppvarming, reinhald og tenester utført av kyrkjetenar 
Tillegg ved bruk av organist - kr. 1000,-
Tillegg for prest: Visar til reglane for honorar for einskildtenester.
Leigesummen utanom til prest (som betalast direkte) innkrevjast av fellesrådet.
2.3.    Ved vigsel vil kyrkja bli opna to timar før vigselen for pynting. Ein reknar ein time til vigselen. Er det ynskjeleg å pynte på eit tidlegare tidspunkt kan ein gjere avtale med kyrkjekontoret.


3.     Utleige til konsertar mm.

3.1.     Ved utleige av kyrkjene til konserter m.m. der arrangementet ikkje kjem inn under kyrkjelyden sine planar, skal det betalast leige etter fylgjande satsar: 
Grunnleige for bruk inntil 5 timar kr. 3.500,-
Tillegg pr. time utover 5 timar kr. 500,-
Det dekkjer straum, reinhald og tenester utført av kyrkjetenar. 
Der arrangøren har inntekter av billettsal eller kollekt betalast i tillegg 10% av den inntekt som er over kr. 3000,- .
Fellesrådet kan i særskilde tilfelle bestemme andre satsar.
Ved utleige av kyrkjene til oppbyggelege møte, som ikkje er ein del av kyrkjelyden sine planar (verksemd), betalast kr. 2.000,- for oppvarming, reinhald og kyrkjetenar. 


4.     Avgift ved gravferd
4.1.     Personar busett i kommunen.
4.1.1    For personar som var busett (folkeregisterført) i Midt-Telemark kommune då dei døde og som var medlem av Den norske kyrkja, krevjast inga avgift for gravferd  eller for opning/lukking av grav. 
4.2.     Personar busett i Midt-Telemark kommune, men ikkje medlem av Den norske kyrkja. 
4.2.1.     For personar som var busett (folkeregisterført) i Midt-Telemark kommune då dei døde og som ikkje var medlem av Den norske kyrkja, krevjast  inga avgift for opning/ lukking av grav. 
4.2.2.     For personar som var busett (folkeregisterført) i Midt-Telemark kommune då dei døde og som ikkje var medlem av Den norske kyrkja, og der gravferda går frå kyrkja eller kapellet krevjast fylgjande avgift:

For teneste utført av kyrkjetenar og bruk av kyrkja - kr. 2000
Tillegg ved bruk av organist - kr. 1000
Tillegg for prest: Visar til reglane for honorar for einskildtenester frå bispedømmet.    
4.3.     Personar ikkje busett i kommunen 
For personar som ikkje var busett (folkeregisterført) i Midt-Telemark kommune då dei døde, innkrevjast fylgjande avgifter: 
4.3.1.     For opning og lukking av kistegrav - kr. 2.000            
4.3.2.    For opning og lukking av urnegrav - kr. 700                                             
4.3.3.    For bruk av kyrkje eller kapell:
Grunnleige kapell: kr. 1.800
Grunnleige kyrkje: kl. 2.500 
Det inkluderer oppvarming, reinhald og tenester utført av kyrkjetenar. 
Tillegg ved bruk av organist - kr. 1.500
Tillegg for prest: Visar til reglane for honorar for einskildtenester.         
Leigesummen utanom til prest (som betalast direkte) innkrevjast av fellesrådet. 


5. Unntak 

Reglane i punkt 2.3, 3.1, 4.2.2. og 4.3. kan i særskilte tilfelle fråvikast av kyrkjeverja.  

Vedteken i Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd 24.november 2020.
Reglane trer i kraft frå og med 1.januar 2021 

 

Endringar av satsane vedteke av Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd 17. januar 2023, og er gjeldande for utleigeavtalar inngått etter 18. januar 2023.

Tilbake