Det vil i januar, februar og mars bli sendt ut faktura på festeavgift til dei som festar graver på Sauherad, Nes og Bø kyrkjegard.
Festeavgifta er nå kr. 300 pr.grav/år og fakturaen gjeld for 5 år fram i tid. Fakturaen vil dermed vere på kr. 1500,- pr. grav.
Den som står oppført som festar vil motta fakturaen. Dersom du meiner nokon andre skal stå som festar, ber me om at ein fyrst avtaler innad i slekta kven dette skal vere og deretter gjev beskjed til kyrkjekontoret.
Spørsmål om graver og feste kan rettast til kyrkjekontoret på tlf. 35 06 10 40 eller e-post: post@mtkyrkje.no
Det er også informasjon å finne på denne sida under "Kyrkjegardane".