Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Smittevern i kyrkja


Nye smittevernreglar også for kyrkja frå 14.januar.

14.januar kom det nye nasjonale smittevernreglar. Desse får konsekvensar også for kyrkja sine arrangement. Hovudsakeleg gjeld dette krav om at det skal vere ein meter mellom deltakarane inne i kyrkja og det maksimalt tal på deltakarar på 200. På grunn av krav om minst ein meter er det varierande kor mange det er plass til i kvar kyrkje, men du finn informasjon om det ved påmelding. Vi har nå merka plassar i benkane med nummer, og du vil få ein nummerlapp når du kjem som viser kor du skal sitte. Det er viktig at alle fylgjer dette. Dersom du kjem med dei du bur saman med kan de sette dykk saman med mindre enn ein meter.

Det er også krav om registrering av deltakarar, og for å sikre god flyt ved registrering har vi lagt opp til påmelding på nettsidene våre eller ringe oss på kyrkjekontoret i Bø på telefon 35061040 eller kyrkjekontoret på Gvarv 35101120. Det er fint om flest mogleg melder seg på på førehand. Da er ein også sikra plass. Hugs å møte i god tid.

Påmelding gudsteneste Bø

Påmelding gudsteneste Sauherad og Nes

Vi oppmodar alle om å bruke munnbind ved ankomst og avreise.

Vi ynskjer velkommen til kyrkja, og vil legge til rette for ei trygg oppleving.

Tilbake