Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Bø gamle kyrkje


Bø gamle kyrkje ligger i Bø sokn i Midt-Telemark kommune. Den er bygget i mur og ble oppført i 1179. Kirken har langplan og 150 sitteplasser. Kirken har vernestatus automatisk fredet (før 1650). Arkitekt: ukjent

Bø gamle kyrkje, Kyrkjevegen 62, Bø i Telemark

Bø gamle kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje, bygd mellom 1150 og 1180, med langkyrkjeplan og kor mot aust. Både skip, kor og den halvrunde avslutninga av koret, apsiden, er frå mellomalderen, medan våpenhuset er bygd til på 1600-talet og takryttaren i byrjinga av 1800-talet. Kyrkjeskipet har portalar mot vest og sør, og koret har sørportal. Nordveggen har ingen opningar.

Då det vart bygd ny kyrkje i Bø kring 1870, avgjorde bygdefolket at den gamle kyrkja skulle takast vare på, og ho vart sett i stand for innsamla midlar. Det vart også gjort arkeologiske undersøkingar, som viste at det tidlegare har stått ei mindre trekyrkje på staden. Bø gamle kyrkje er i dag ei av få mellomaldersteinkyrkjer i landet som ikkje har gjennomgått store endringar.

I kyrkjerommet er veggene kvitkalka, men dei har truleg hatt måla dekor i mellomalderen, slik som ein ser i nabokyrkjene Nes og Sauherad. Korbogen er flankert av to lågare, rundboga nisjar for sidealter. Over korbogen heng eit romansk triumfkrusifiks frå 1200-talet, ei framstilling av den levande og sigrande Kristus på krossen, med kongekrone. Etter reformasjonen vart kyrkjeinteriøret bygd om, med galleri langs nord- og vestveggen, preikestol og ny altertavle, alt i renessansestil.

Teksten er henta frå www.kirkesøk.no. Kjelder: Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000

Adresse: Kyrkjevegen 62, 3800 Bø

Tilbake