Dåp


Dei fleste barn vert døypte før dei er tre månader, men også store barn og unge kan sjølvsagt døypast.

Korleis kan vi følgje opp dåpen?
Dåpen markerer innleiinga til eit liv i tru på Jesus. Skal denne innleiinga halde fram, må trua få høve til å vekse og modnast etter kvart som barnet veks opp. Vårt mål er at barnet etter kvart skal få tryggleik til å be til Gud.

Det er med tanke på dette dei som ber barnet til dåp, blir spurde om barnet skal bli opplært i kristen tru. Mange er nok usikre på denne oppgåva. Greier vi dette? Då er det viktig å vite at spørsmålet til foreldra og fadrane ikkje er eit spørsmål om kva dei maktar, men om kva dei ønskjer. Dei er heller ikkje aleine om oppgåva. Kyrkjelyden vil gjerne gje støtte og hjelp til dykk som foreldre, til dømes gjennom framlegg til bøker, songar, bøner osb. Familiegudstenester og det arbeidet kyrkjelyden driv for barn, unge og foreldre, høyrer og heime i denne samanhengen.

Fadrar
Ved dåpen skal barnet ha minst to fadrar (og ikkje meir enn 6). Fadrane må ha fylt 15 år og vera medlem av Den norske kyrkja - eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Når de skal velja fadrar, så tenk på at det bør vera nokon som barnet kan ha tillit til. Tenk på at fadrane skal vera nokon som kan hjelpe dykk med å oppdra barnet i kristen tru.

Dåpsregistrering/ påmelding til dåp
Dersom du ønskjer å melde barnet ditt til dåp kan du klikke inn på nettsida til Sauherad og Nes sokn eller Bø sokn. Der kan du enkelt fylle inn den onformasjonen vi treng og velje dato. Du kan sjølvsagt også ringe oss på 35061040 eller sende oss en e-post til post@mtkyrkje.no.