Velkommen til nettsidene for kyrkjene i Midt-Telemark.
I Midt-Telemark kommune har vi to kyrkjelydar (sokn). Kyrkjelyden i Sauherad og Nes har to kyrkjer med tilhøyrande kyrkjegardar. Kyrkjekontoret ligg på Gvarv på Nes menighetshus. I Bø ligg to kyrkjer på kyrkjegarden, og kyrkjekontoret ligg på same staden.
Sauherad og Nes sokneråd og Bø sokneråd er dei demokratisk valte organa for kyrkjelydane. Desse sokneråda har valt to representantar som saman med prosten og ein representant for kommunen utgjer Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd. Fellesrådet har ansvar for kyrkjebygga, kyrkjegardane, gravferdsforvaltning og er arbeidsgivarorganet for dei tilsette.
På desse nettsidene finn du informasjon om det fellesrådet har ansvar for. Du finn også lenker til nettsidene til kyrkjelydane.